Procol Harumi Norge |
|
|
SOGNDAL: Ikkje berre trødde Gunnar Stedje til som privatsjåfør
for Procol Harum. Før avreise ville Gary Brooker høyre fleire
av sogndølen sine låtar..
– Ja, du kan trygt slå fast at vi fann tonen, ler Gunnar Stedje,
vel heime etter å ha spelt for - og ikkje minst - saman med sine
gamle heltar i legendariske Procol Harum. Det skjedde i Kristiansand sist
helg og er noko av det største den tidlegare organisten i lokalt
legendariske Compact har vore med på.
Likte orgelet
Stedje var - og er - meir oppteken av organist Matthew Fisher (55)
enn av Procol Harum-boss Gary Brooker.
– Vi spelar orgel begge, veit du, forklarar sogndølen om ditt
forhold til Fisher som kom inn i bandet like før gjennombrotet med
Whiter Shade of Pale.
– Det var han som laga orgeltema på låten, og var med på
å få den ned frå opphaveleg 12 min. til det som er dagens
verdskjende versjon.
Tett på
– Eg kom tett på Fisher, ikkje minst takka vere Atle Lægreid sitt orgel. Han like Hammond C3´en umåteleg godt og vi sat ein times tid og spelte og prata, seier Stedje. Han var og privatsjåfør for bandet frå konserten framfor vel 800 personar til hotellet. Og saman med dei andre i det spesialkonstruerte bandet «The Palers» spelte Stedje sju låtar på nachspielet etter Procol Harums konsert i Sørlandshallen. Og heile bandet var på plass i salen. – Litt spesielt å spele for dei, vedgår Stedje - men Whiter shade of Pale sat som eit skot - denne gongen og.. |
Matthew Fisher med Atle Lægreids Hammond |
Vil høyre meir
Etter «The Palers» konsert på hotellet, vart Compacts
gamle låt - Yesterday Tomorrow, skriven av nettopp Gunnar Stedje,
spelt på cd til Gary Brooker.
Han ville gjerne høyre låten då eg fortalde at den
vart til på grunnlag av ei gjennomspeling av Procol Harums LP Grand
Hotel. Både Brooker og Fisher likte låten og vil gjerne høyre
meir av det eg har laga, seier Stedje.
Som fekk så tett kontakt med sine gamle heltar frå 6o-
og 70-talet at dei like godt inviterte han over til avslutninga på
Europaturnéen i Manchester den 16. juni.
– Den konserten er med fullt symfoniorkester og greier. Eg reiser muligens
over, smiler Gunnar Stedje.
Det blir ikkje heilt det same å reise rundt med Gunnars duo etter
dette, skulle vi tru...
|
|
|